Rv52-reparasjon kosta dyrt – vegvesenet tenkjer nytt
Reparasjonar av vegdekket ved Hjelmen kosta 2,5 mill. Statens vegvesen ser etter rimelegare metodar for å løyse resten av sprekkproblemet.
Sist vinter opplevde trafikantane både risting og dunking på grunn av sprekkjer i vegdekket. I haust vart ei 1,2 kilometer lang strekkje utbetra. Prislappen vart 2,5 millionar kroner. Dermed var pengekassa tom, sjølv om problemet strekkjer seg om lag 4 kilometer vidare – i retning Ulsåk.
– Me er klar over at skademønsteret gjeld over ei lengre strekkje, men me meinte det var mest nødvendig å reparere vegen ved Hjelmen. Ulempene vart verst for dei som bur tett inntil vegen, opplyser byggeleiar Svein Voldseth i Statens vegvesen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kostbar metode
Metoden som vart brukt heiter «djupstabiliseringsfresing» og går ut på å frese 30 cm ned i vegen, for så å tilsetje bindemiddel (bitumen). Dette blir jamna med høvel og komprimert før ein legg to lag asfalt. Prisen vart 2000 kroner for kvar meter veg, og det var ikkje nok pengar til å reparere heile strekninga. No fryktar vegvesenet at det utover vinteren kan bli vondt å køyre den strekninga som ikkje er reparert, men pengane er altså brukt opp.
Ser på alternativ
– Når det gjeld 2013 vil me evaluere det som er gjort etter at vinteren er over. Me vil også sjå på andre og rimelegare måtar å løyse problemet på, seier Voldseth. Metoden som er brukt vil bety behov for 8 millionar for å sluttføre utbetringa til Ulsåk.
Ettersom det er avgrensa kor mykje middel vegvesenet har, må ein også sjå sprekkproblemet opp mot behovet for å leggje nytt dekke på dei svært sporete strekningane andre stader på både Rv52 og Rv7 i Hallingdal.