Behzad Sakhizade ville tilbake til Hemsedal statlege asylmottak under årets operasjon dagsverk.
Behzad Sakhizade ville tilbake til Hemsedal statlege asylmottak under årets operasjon dagsverk.

Gjorde eit dagsverk på asylmottaket

For fire år sidan budde Behzad Sakhizade sjølv på asylmottaket på Tuv. Torsdag var han tilbake – for å gjere eit dagsverk.

– Eg tenke vel eigentleg berre at det ville vere mykje å gjere her, seier Behzad som er elev ved Hemsedal barne- og ungdomsskule. Men torsdag var det Operasjon Dagsverk som gjaldt.

No bur han og familien i Hemsedal. For få år sidan hadde han Hemsedal statlege asylmottak som heime å rekne. Mens mange av klassekameratane valde å arbeide heime, såg Behzad sitt snitt til å ta i eit tak for dei som berre har ein heim til låns.