Skeptisk til hytter på høgdedrag
Fylkesmannen ber Hol kommune vurdere å kotefeste (høgderegulere) plasseringa av enkelte hytter på Aasremmenden på Geilo.
Hol kommunestyre vedtok i fjor haust detaljreguleringsplan for Aasremmenden på Kikut. Planen legg til rette for fritidsbusetnad.
Vedtaket i kommunestyret er seinare påklaga av naboar i området. Klagen rettar seg i hovudsak mot plassering av hytter rundt eit høgdedrag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Synfaring
I slutten av juni var det synfaring i det aktuelle området. I tillegg til klagarane og planfremjar, var det med representantar frå fylkesmannen og Hol kommune. Også etter synfaringa har det vore kontakt mellom partane, men utan at det er oppnådd full semje om enkelte visuelt utsette tomter.
Både Buskerud fylkeskommune, Statens vegvesen og Fylkesmannen i Buskerud har tidlegare hatt planforslaget til uttale. Det har ikkje vore fremja motsegn til planen frå nokon av dei offentlege instansane.
Oppmoding
I behandlinga av klagen konkluderer fylkesmannen med å oppmode kommunen om å vurdere å kotefeste plasseringa av bygg på fem spesifiserte tomter som ligg inntil høgdedrag. Her bør ein unngå at det blir oppført bygningar med silhuettverknader.
Den regulerte byggegrensa for desse tomtene ivaretek ikkje, etter fylkesmannens vurdering, i tilstrekkeleg grad omsynet til desse høgdedraga som viktige landskapselement.