Tre ungdommar gjekk på toget utan å betale billett. Dei vart kasta av på Geilo. (Arkivfoto)
Tre ungdommar gjekk på toget utan å betale billett. Dei vart kasta av på Geilo. (Arkivfoto)

Mangla billett, måtte gå av

Klokka 03.20 natt til tysdag fekk politiet melding om tre utanlandske ungdommar som hadde snike seg om bord i toget til Bergen.

Dei hadde truleg gått på i Drammen, og vart oppdaga like før Geilo, der dei vart kasta av. Ifølgje konduktøren hadde ikkje dei tre gjort noko straffbart på toget.