Ål brukar for mykje pengar
Ål kommunen brukar for mykje pengar og har økonomiske utfordringar på fleire område.
Dette går fram av økonomirapporten for andre kvartal som formannskapet får på bordet måndag. For 2011 kom Ål ut med eit betydeleg meirforbruk med eit samla driftsunderskot på 12,5 mill. kr. Å halde utgiftsramma i budsjettet for 2012 har difor vore ein viktig føresetnad. Men erfaringane så langt viser at dette ikkje er lett.
Store summar
I kommentarane slår rådmannen fast at veksten i forbruket har flata ut, men er framleis for høgt. Erfaringsvis får ein verknadene av lønnsoppgjeret andre halvår. Eit samla meirforbruk på løn på to og ein halv prosent blir så mykje som 6,7 mill. kr. Auken heng saman med høg belastning, auka tenesteyting og meirutgifter ved sjukefråvær. Fleire leiarar varslar om overskridingar og utfordringar med å halde seg innanfor vedtekne rammer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er også klart at netto finansutgifter blir høgare enn budsjettert.
Varslar tiltak
Inntektssida viser at skatt og rammeoverføringar ligg 7 mill. kr høgare enn i 2011. Det er rammetilskotet som har auka. Skatten ligg på fjorårsnivå, syner rapporten. Årets budsjett utgjer samla 238,5 mill. kr i form av frie inntekter. Det er så langt ikkje grunnlag for å tru at dette vil auka vesentleg, meiner økonomisjef og rådmann.
Rådmannen understrekar det som er sagt tidlegare om balanse mellom inntekter og utgifter og vil setje i verk tiltak i samsvar med dette. Formannskapet blir invitert til å ta rapporten for andre kvartal til orientering.