Gruppa Väsen kjem til Ål laurdag.
Gruppa Väsen kjem til Ål laurdag.

Väsen kjem til Ål

Det er ikkje mange som har fått oppkalla ei gate i USA etter seg. Det har Väsen. Laurdag 24. mars kjem dei tre verdsstjernene til Ål kulturhus.

Publikum som var på konserten med Väsen på Ål i 2010, har ikkje gløymt den store opplevinga det var. Då var det over 20 år sidan Väsen sist hadde vore på Ål. Under Folkemusikkdagane i 1991 spela dei ein av dei fyrste konsertane sine.

Oppleving

I over 20 år har trioen vore moderne tradisjonsberarar og spydspissar for den svenske folkemusikken internasjonalt. Gruppa har hatt stor påverknad på ungdommar rundt om i heile verda, og har på mange måtar sett standarden for korleis ein kan bruke folkemusikk i samspel. Med nykkelharpa, bratsj og gitar når svensk folkemusikk nådd nye høgder, og dei hentar inspirasjon frå mange ulike musikksjangrar. Det er i samspelet den verkeleg store styrken til Väsen ligg; alle instrumenta er likeverdige, og i den eigne augneblinken lagar dei tette, røffe og kompakte klangar, for så i neste augneblinken opne opp for lette og drøymande uttrykk. Når dei tre karane i Väsen i tillegg krydrar konsertane med mykje humor og gode replikkar, er dette ei oppleving som er heilt unik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trio

Sidan starten har det blitt tallause turnear i mellom anna USA, Japan, Canada og Europa. Særleg i USA og Japan er Väsen store, og dei reiser kvart einaste år på lengre turnear i begge landa. Dei har også fått den svenske Grammy-prisen, og saman med perkusjonisten André Ferrari har dei også laga konsertproduksjonar og cd-utgjevingar som er mykje meir eksperimentelle i uttrykket. Frå 1996 og nokre år framover var det hovudsakleg som kvartett dei arbeidde. Dei siste 10 åra har dei søkt tilbake til trioformatet, og dei er framleis den viktigaste og mest kjende folkemusikkgruppa i Norden i dag.

Indiana

Og så var det namnet på gata: Väsen Street finn ein i Bloomington i Indiana, og var ei gruppe med Väsen-fans som greidde å få bystyret med på å kalle opp gata etter gruppa, og det er ikkje mange som får oppleve å bli ei gate i levande livet.

Väsen er: Olov Johansson – nykkelharpe, Mikael Marin – bratsj/fele og Roger Tallroth – gitar.