Tok sølv i Holmenkollen
Emilie Fleten frå Gol tok andreplassen i 5 kilometer fristil i junior-NM laurdag.
Sisteårsjunioren i klassen kvinner 19/20 år, gjekk i mål på 13.34.5. Ho vart berre slått av Anne Kjersti Kalvå frå Lundamo IL, som tok gull med tida 13.20.7.
Herreklassen 19/20 år gjekk 10 kilometer fristil. Andrew Young frå Geilo IL enda på ein 13. plass, med tida 26.01.9. I hælane hadde han lagkamerat Vetle Sjåstad Christiansen, som gjekk i mål på 26.05.4 og tok 14. plassen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Johannes Thingnes Bø frå Markane IL vann klassen med tida 24.38.3.