Håvard Bøkko vann 1500m i Berlin fredag kveld og avgjorde verdscupen på distansen. (Arkivfoto/Sander Hvammen)
Håvard Bøkko vann 1500m i Berlin fredag kveld og avgjorde verdscupen på distansen. (Arkivfoto/Sander Hvammen)

Bøkko avslutta i Berlin

Håvard Bøkko avslutta verdscupfinalen med 1000m sundag.

I helga avslutta skøyteeliten verdscupen med løp i Berlin, og sundag gjekk Håvard Bøkko 1000m som sin siste distanse.

Han gjekk aleine i fyrste par, og gjekk inn til tida 1.10. 70. Det heldt berre til ein 15.-plass totalt. Shani Davis vann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sesongbeste

Laurdag gjekk Håvard Bøkko 5000m, i par med nederlandske Sven Kramer. Tida 6.23.82. heldt til ein åttandeplass, og den nederlandske parkammeraten tok sigeren.

Hege Bøkko gjekk 1500m laurdag, ho avslutta verdscupen med ein tiandeplass med tida 1. 59.14. Tida er likevel den beste 1500-meteren ho har gått i verdscupen i år, og verdscupen samanlagt på distansen vart ho nummer 17.

Superduellen

Verdscupfinalen starta likevel godt for Håvard Bøkko, og det gjaldt som mest stod han endeleg øvst på pallen etter 1500m.

Håvard Bøkko og Shani Davis møttest i siste par i Berlin fredag kveld, og spenninga var stor før samanlagdsigeren i verdscupen på 1500m skulle avgjerast.

Ut frå start var Bøkko raskast, men Davis kom sterkare utover i løpet. På siste vekslingssida hadde amerikanaren eit forsprang, men Bøkko hadde ei kjempeavslutning på lager.

Avgjorde mot Davis

Han gjorde som då han vart verdsmeister på distansen i Inzell i fjor, og parkerte Davis på sisterunden.

Med 1.47,49 var han raskast av alle på isen i Tyskland og vann då det gjaldt som mest.

I mål heva han armane over hovudet og jubla for årets fyrste verdscupsiger på favorittdistansen. Samstundes gjekk han forbi Davis i samandraget og vann også verdscupen på 1500m. Amerikanaren vart berre nummer seks på distansen i Berlin.