Som på 5000m i Vikingskipet gjekk Håvard Bøkko i par med franske Alexis Contain på 10000m i Heerenveen.
Som på 5000m i Vikingskipet gjekk Håvard Bøkko i par med franske Alexis Contain på 10000m i Heerenveen.

Bøkko fornøgd med helga

Med nye pallplassar og to gode løp i Heerenveen var Håvard Bøkko nøgd med den nest siste verdscuphelga på isen.

Skøyter: Med siger i b-gruppa på 1000m, avslutta Håvard Bøkko ei god verdscuphelg på nederlandsk is sundag.

Tida 1.10.39 heldt berre til ein 18. plass totalt, men var likevel god med milløpet dagen før i beina. Bøkko reiser vidare til verdscupfinale i Berlin med to pallplassar i bagasjen. Både på 10.000 og 1500m vart han nummer tre, og vart berre slått av spesialistar på dei to distansane. Det lovar godt tre veker før VM enkeltdistansar på same arena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Imponerte

På 10.000m gjekk Håvard i nest siste par saman med franske Alexis Contin, og hadde Peter Mueller som felles sekundant på isen.

Bøkko gjekk ut på jamne rundetider midt på 31-talet, heldt same tempo heile vegen og tok stadig meir inn på leiartida. Contain gav han mykje hjelp i starten, men var for ujamn til å henge med lagkameraten frå CBA heilt inn. Mot slutten heldt Bøkko rundetida betre enn han gjorde dei to siste rundane i Moskva, og tida 13.11.95 er meir enn godkjent for skøyteesset. I siste par kom likevel to nederlandske milspesialistar som var i eigen klasse på heimebane. Bob de Jong stod øvst på pallen etter 10.000m, med landsmannen Jorrit Bergsma sekundet bak i mål. Det var likevel ein nøgd Bøkko som konstaterte at langdistanseformen er inne. No er han nummer fire i langdistansecupen og møter truleg Sven Kramer i par i verdscupfinalen i Berlin neste helg.

Ny tredjeplass

I par med Shani Davis (USA) fekk Håvard Bøkko hard konkurranse på 1500m fredag, men amerikanaren synte seg å vere hakket for tøff å slå.

Mykje tyder på at Hege Bøkko har funne at toppfarten på dei kortaste distansane etter gode tider på isen i Heerenveen.
Mykje tyder på at Hege Bøkko har funne at toppfarten på dei kortaste distansane etter gode tider på isen i Heerenveen.

Med tida 1.47,21 gjekk Håvard Bøkko inn til sin tredje tredjeplass for sesongen, 32 hundredelar bak Davis.

Davis låg om lag eitt sekund framom Bøkko då det var éin runde att. Men amerikanaren hadde hatt ei tøff opning på løpet, og fekk det tungt mot slutten. Han vann likevel med 1.46,89

– Pokker. Den burde eg tatt! Men eg er nøgd med pallplass, skreiv Håvard Bøkko på nettstaden Twitter etter løpet.

Det er framleis Davis og Bøkko som har dei to øvste plassane på lista i verdscupen på 1500m, og dei går i par også i finalen i Berlin.

Meir fart

Hege Bøkko hadde også ei helg med opplyftande resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho opna med ein rask 500m, og på 1500m laurdag gjekk ho inn til ein åttandeplass. Tida 1.59.40 er den nest beste ho har hatt i verdscupen hittil i år, og ho vart beste norske på distansen.

Sundag vart Hege nummer tre i b-gruppa på 1000m på 1.18.9.

– Greitt fornøgd med 1500m i dag. Det går betre og betre no. Gler meg til neste gong eg går 1500m i Thialf, under VM enkeltdistansar, oppsummerte ho på Twitter etter helga.