Kvalitet i kvar tone
Sigvart Dagsland og Karoline Krüger innfridde forventningane på Vestlia Resort laurdag kveld.
Men det var på hekta at dei rakk konserten, fortalde dei.
Dårleg vêr på Filefjell forseinka turen deira til Geilo, men dei nådde fram i tide. Og bra var det, for det vart ei flott avslutning på vinterferien for dei som måtte heim att sundag, og ein herleg innleiing på vinterferien for oss andre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjende stemmer
Dei profilerte artistane og ekteparet Sigvart Dagsland og Karoline Krüger har hatt suksess med sin musikk på kvar sin kant i fleire år.
Men det er fyrst dei siste åra dei har spelt konsertar saman. Samarbeidet har fått gode kritikkar, og dei skuffa ingen i den fullsette Kai Fjell-salen på Vestlia heller. Me fekk høyre kjende songar frå begge sine repertoar, mellom anna Dagsland sin «Alt eg såg», Krüger sin Melodi Grand Prix-låt «For vår jord» og den kjende duetten deira, «Ka e du redd for».
Samspel
Det var tydeleg at Dagsland og Krüger var inspirerte, og dei fortalde at dei verkeleg hadde telt ned til å innvie Kai Fjell-salen som konsertscene.
Det syntest.
Samspelet dei to musikarane i mellom var plettfritt der dei bytte på å akkompagnere kvarandre på flygelet. I tillegg fekk me servert morosame historier som skapte mykje latter. Morosamt var det også då Karoline Krüger tok fram trekkspelet sitt, og tolka ein av mannen sine nye songar. Det var overraskande både for publikum – og – Dagsland sjølv såg det ut til.
Konsertsal
Med levande lys og Kai Fjell-måleri på veggene vart det ei flott ramme rundt opningskonserten for Vestlia Resort sitt nye satsingsprosjekt.
Framover ønskjer dei å bruke Kai Fjell-salen aktivt med konsertar, og kjende artistar er allereie klare utover vinteren og i påska.
Arrangørane fekk i alle fall ein «flying start» på nysatsinga med Karoline Krüger og Sigvart Dagsland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var kvalitet frå fyrste til siste tone.