Nytt dekke på Rv52 ved Storeskar
Eit rassikringstiltak på Rv52 ved Stongenuten på Hemsedalsfjellet skal vere ferdig til sommaren. Det er brukt fyllmassar frå Storeskar, litt lenger sør langs riksvegen. Ein er der ferdig med å ta ut massar. Ettersom det ikkje er planar om, eller økonomi til, å utbetre den krappe svingen no, reknar Statens vegvesen med å asfaltere vegen på ny samstundes med ferdigstillinga av den nye vegtraseen ved Stongenuten. Det er planlagt innan utgangen av juni.