Brettsporten arrangerer sjølv

Det er fyrste gong sidan 1999 at det blir arrangert eit verdsmeisterskap av brettsporten sjølv og ikkje av FIS. Oslo vart tildelt VM i Snowboard av det internasjonale snowboardforbundet (The World Snowboard Federation – WSF) og Ticket to Ride (TTR) World Snowboard Tour (som er ansvarleg for verdsserien). Det er ikkje noko formelt uttak, slik det er i andre meisterskap, men utøvarane har sjølv kvalifisert seg via verdsrankingsystemet TTR. Dei 50 beste mannlege køyrarane og dei 30 beste kvinnene i slopestyle og halfpipe er med. Totalt 240 utøvarar frå kring 30 land er venta til konkurransen. Halfpipekonkurransen går i Holmenkollen medan slopestyle blir avvikla i Wyllerløypa/Tryvann Vinterpark (Nye Oslo vinterpark). (Kjelde: WSC 2012)