Eit nytt kurs sett søkelys på bondens kvardag.
Eit nytt kurs sett søkelys på bondens kvardag.

Hjelp til stressa bønder

Kurset «Bonde i stress og krise» tek for seg vanlege problem som ein gardbrukar slit med.

Torsdag er gardbrukarar i Hallingdal inviterte til kurset «Bonde i stress og krise» på Gol.

Det er fyrste gong det blir halde eit slik kurs i Buskerud, men det har vore gjennomført liknande kurs for bønder i Trøndelag og Østfold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Buskerud Bondelag, Landbruket HMS-tjeneste og Hjelp24 som hadde ideen.

Problemstillingane vil vera relevante for mange. Det er kvardagsstress som avlingssvikt, ekstremvêr, vanskeleg økonomi, arbeidspress, rovdyr, samlivsproblem, store investeringar, einsemd, grunneigarproblematikk og mykje mykje meir. Dette er tema som for mange er vanskeleg å takle.

14 personar har meldt seg på kurset på Gol. Det blir halde tilsvarande kurs i Drammen.