Rektor gir seg etter tre år
Rektor Ove Fekene har sagt opp stillinga si som rektor ved Hemsedal barne- og ungdomsskule.
Det skjedde alt i oktober i fjor, men han sit ut skuleåret. Etter det skal han både undervise og studere sjølv ved Markedshøgskolen i Oslo. Han tek blant anna til på eit hovudfagsstudium.
Hemsedal vil framleis vere basen, og målet på sikt er å arbeide opp mot lokalt næringsliv. Fekene seier det er ei heilskapsvurdering som ligg bak oppseiinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rektorstillinga hadde søknadsfrist 3. februar.