Reagerte på verktøysal

Politiet vart varsla om mistenkjelege seljarar i Flå.

Måndag ettermiddag og kveld tikka det inn meldingar til politiet om ein mistenkjeleg raud kassebil som dreiv med sal av verktøy.

Dei fyrste meldingane kom inn på Vikersund, og etter kvart flytta seljarane seg til Flå.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet i Modum rykte ut og sjekka bil og dei engelske personane som dreiv med salet. Tilsynelatande hadde seljarane alt i orden.

Rett før klokka 20 kom det meldingar om at seljarane var i gang i Flå. Tidlegare har det kome tilsvarande meldingar om den raude kassebilen og seljarane i hønefossområdet.