Vetle tok EM-sølv
Vetle Sjåstad Christiansen måtte sjå seg slått av ein russisk favoritt på jaktstarten i Slovakia.
Etter sprinten ihadde geilingen eitt sekunds forsprang på russiske Alexandr Loginov, men det forspranget tok konkurrenten fort att.
Både Vetle og russeren skaut to bom til saman på dei fire skytingane, men russeren hadde ein betre dag i sporet og tok gullet i juniorklassen. I mål var Vetle Sjåstad Christiansen 23, 5 sekund bak Loginov. Eitt år yngre Johannes Thingnes Bø frå Stryn (Markane IL) gjekk seg opp frå ein åttandeplass, og tok bronsemedaljen.