Vil svekke nynorsken

Panikken rår i Sosialistisk Venstreparti. Frieri til nynorskhatarane skal få partiet over sperregrensa.

SV-leiar og kunnskapsminister Kristin Halvorsen meiner norskfaget i skulen er altfor omfattande og arbeidskrevjande. Difor vil ho kutte i sidemåls-undervisninga. Halvorsen tek også til orde for å fjerne karakterar og eksamen. – Det er urealistisk å forlange at elevane skal vere like gode i hovudmål og sidemål, seier SV-leiaren til Dagsavisen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Reaksjonane på utspelet er blanda. Ungdomspolitikarar i Høgre og Fremskrittspartiet lovprisar SV-leiaren. Det same gjer nynorskhatarane. I målrørsla derimot er mange forbanna. Med god grunn. For dette er fyrste spikaren i nynorskkista – uansett kva Halvorsen måtte hevde. Fleirtalet av norske elevar har nynorsk som sidemål. Dersom sidemålsundervisninga blir svekka, vil også nynorskkunnskapane hjå desse elevane bli dårlegare. Terskelen for å velje nynorsk som hovudmål vil også bli høgare. Difor er dette ei utarming av denne delen av kulturarven. Ei utarming som på sikt fører mot eitt skriftspråk i Norge – bokmål. Nynorsken vil ende som «museumsspråk» på norske teaterscener, i litteraturen, i songtekstar og blant omvisarar ved norske museum. Som bruksspråk vil det forsvinne. Dersom dette er målet til Kristin Halvorsen, bør ho sleppe katta ut av sekken fyrst som sist og ikkje dekke seg bak argument som «styrking av norskfaget».

Forslaget bryt også med lovnadene til dei raudgrøne partia framfor sist stortingsval. Partia hevda at nynorsken skulle styrkast. Den raudgrøne regjeringa ville jobbe for meir likestilling mellom dei to skriftspråka. Halvorsen går stikk motsett veg.

At me har ein kunnskapsminister som vil svekke kunnskapsnivået i skulen, er også oppsiktsvekkjande – berre fordi somme opplever nynorsken som eit «slit og eit ork». Som arbeidskrevjande. Kva blir i så fall det neste? Kva med Phytagoras sine læresetningar? Eller Einstein sine teoriar? Begge er vrine karar for mange ungdomsskuleelevar. Dersom graden av «slit» skal styre regjeringas framtidige skulepolitikk, kan det bli snautt med både fag og karakterar i skulen.

SV har i alle år forsvara den nynorske kulturarven. At forslaget kjem frå ein SV-statsråd, er difor mest ikkje til å tru. Men partiet slit på meiningsmålingane. Å fri til unge nynorskhatarar i urbane strok skal snu elendige galluptal – trur Halvorsen. Me trur ho bommar.