Godsruta spelar i hovudstaden. F.v. Olav Undeland, Arne Anderdal, Leif Ingvar Ranøien, Erlend Styve, Anders Hall og teknikar Tor Magne Hallibakken.
Godsruta spelar i hovudstaden. F.v. Olav Undeland, Arne Anderdal, Leif Ingvar Ranøien, Erlend Styve, Anders Hall og teknikar Tor Magne Hallibakken.

Godsruta spelar i Oslo

Arne Anderdal gav sist haust ut ei plate med tradisjonsmusikk frå Hallingdal. Som siste lanseringskonsert skal han og medmusikantane i Godsruta presentere si musikalske last på Riksscena for folkemusikk i Oslo torsdag 26. februar.

Etter konserten vert det og høve til å få seg ein runde på dansegolvet. Dei som spelar i gruppa er Leif Ingvar Ranøien, Olav Undeland, Erlend Styve og Anders Hall.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godsruta er og lasta med briskjitreak produsert i Hallingdal som publikum får på kjøpet. Så her vert det ein hallingkveld i hovudstaden.