Ventar på obduksjonsrapporten
Den 34 år gamle kvinna som vart funnen drepen på Ulsåk måndag, vart obdusert fredag.
Obduksjonsrapporten blir lagt fram måndag.
Ventar på rapporten
Politiet har tidlegare sagt at dei veit om lag tidspunktet for når kvinna vart drepen, men vil ikkje kommentere om obduksjonen har gitt nærare svar på drapstidspunkt og dødsårsak.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Obduksjonsrapporten blir ikkje lagt fram før måndag. Me kan ikkje kommentere dette før me har rapporten, seier politiadvokat Per Thomas Omholt til Hallingdølen laurdag.
Ektemannen på frifot
Den drepne kvinna og ektemannen kom frå Nord-Irak til Norge som politiske flyktningar i 2009. Politiet gjekk tidleg ut og sikta den 44 år gamle ektemannen for drapet. Han er framleis på frifot, men politiet meiner å vite kor han er. IfølgjeVG skal han ha rømt til eit land som gjer utlevering til Norge vanskeleg.
– Me veit kor han er, men me kommenterer ikkje verken kva land han har reist til eller kva avtalar landet har med Norge, seier Omholt. – Me jobbar intenst med å få mannen til Norge. Me veit kor han er og jobbar med å få han heim, seier politiadvokaten.