Vetle Sjåstad Christiansenfår gå sprint i Östersund. (Arkivfoto)
Vetle Sjåstad Christiansenfår gå sprint i Östersund. (Arkivfoto)

Får gå sprinten

Vetle Sjåstad Christiansen (22) fekk den siste plassen til verdscupsprinten i Östersund laurdag.

Geilingen vart berre nummer 53 på normaldistansen onsdag etter tre bom på siste ståande og fem totalt. No får han ein ny sjanse til å betre innsatsen på ståandeskytinga.

Romkameraten Lars Helge Birkeland var også aktuell til sprint og jaktstart i helga, men skaut seg ut av kampen med ti tilleggsminutt onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist helg gjorde begge gode stafettetapper då det norske laget opna med andreplass på mixedstafetten.