Her er framtida til Honda
Det er ikkje berre Toyota som satsar på bilar med brenselceller, også Honda har stor tru på denne forma for framdrift.
Derfor er det heller ikkje tilfeldig at dei viser sin nye brenselcellebil samtidig som Toyota kunngjer namnet på sin. Førebels heiter bilen Honda FCV Concept, men han skal gi ein klar indikasjon av korleis bilen vil bli sjåande ut når han blir lansert i 2016. Ifølgje Honda skal bilen ha ein effekt på 100 kW (136 hk).