Ål blir med i selskap som jobbar for tunnell under Hardangervidda.
Ål blir med i selskap som jobbar for tunnell under Hardangervidda.

Hol sel aksjar

Hol kommune sel 10 aksjar i Hardangerviddatunnelene AS.

Bakgrunnen for det er at eigarkommunane Hol og Eidfjord ønskjer å invitere nye kommunar inn i samarbeidet om sikker heilårsveg over Hardangervidda. Kommunane har difor invitert Ål, Nore og Uvdal, Ulvik og Ullensvang med ved å tilby kommunane fem aksjar kvar i selskapet. Prisen for fem aksjar er sett til 5000 kroner. Alle kommunane har svara ja på førespurnaden frå Hol og Eidfjord.