Lite vatn i Hemsil betyr gjerne gode straumprisar og høg kraftproduksjon. Politikarar i Hemsedal er uroa for følgjene for fisket.
Lite vatn i Hemsil betyr gjerne gode straumprisar og høg kraftproduksjon. Politikarar i Hemsedal er uroa for følgjene for fisket.

Kritisk til følgjene av «effektkøyring»

Politikarane i Hemsedal er urolege for konsekvensane ved «effektkøyring» ved Eikredammen.

Erfaringar har vist at dette har ein svært dårleg verknad på fisket i vassdraget.

Effektkøyring betyr at det er høg kraftproduksjon når straumprisane er gode. Dette gir mindre vatn i elva. Lite produksjon med låge prisar, gir mykje vatn i elva.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er forslag til «Regional plan for vannforvaltning i vannregion Vest-Viken» for perioden 2016–2021 som er ute på høyring. Lokalt stiller hovudutval for plan og ressurs seg positivt til ein felles, berekraftig bruk av vassressursane på tvers av sektormyndigheitene, men med eit eige punkt om uroa for effektkøyring.