Lovande taktar i sesongstarten
Håvard Bøkko gjekk 1500 meter på 1.46,32 og 1000 meter på 1.09,76 i testløp i Calgary.Torbjørn Gunhildgard
Skøyter: Testløpa i Calgary tyder på at Håvard er på full fart tilbake i verdenstoppen.
Sterke testløp
Bøkko fekk fyrste del av sesongen øydelagt på grunn av ein kneskade (jumpers knee) som han fekk på nyåret.
Artikkelen held fram under annonsen.
For å bli kvitt smertene har han trena alternativt og utsett sesongstarten for å ta att det tapte. Håvard stod over Asia-turen i World Cup og reiste i staden på eit tre vekers treningsopphald i Calgary saman med landslagskollega Simen Spieler Nielsen.
Medan Sverre Lunde Pedersen sette verdenseliten på plass på 1500 meter i Korea, gjekk Håvard Bøkko testløp. Sesongdebuten var svært lovande med tanke på at det var årets fyrste løp, og at han ikkje er i toppform.
1.46,32 er ei sterk tid sjølv om løpet gjekk på superisen i Calgary. Spieler Nilsen som er ein habil 1500 meterløpar, gjekk på 1.48,61 og vart slått med over to sekund.
Også 1.09,76 på 1000 meter laurdag signaliserte at Håvard er i ferd med å få opp farten. Der sette Simen Spieler Nilsen personleg rekord med 1.11.64.
– Deilig! Grattis!!
Om Bøkko konkurrerer for fullt før jul er uvisst. Dei opplyftande testløpa tyder på at han er i konkurranseform i desember.
– Eg er kvitt smertene og i full gang med opptreninga for å ta att det tapte i sommar og haust. Om eg går konkurransar før jul, får tida vise. Målet er å koma i form til meisterskapa i februar og mars, sa Håvard til Hallingdølen for tre veker sidan.
Suksessen til lagkompis Sverre Lunde Pedersen har også inspirert Håvard.
– Deilig! Grattis!!! var twittermeldinga frå Håvard til Sverre etter World Cup-sigeren i Korea.