Illustrasjons
Illustrasjons

Burde ha bremsa

Ein mann i 40-åra måtte gje frå seg førarkortet under ein fartskontroll på Rv7 ved Kleivi. Måndag ettermiddag vart han målt til 86 kilometer i timen i 60-sona.

UP skreiv også ut fire forenkla førelegg for høg fart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein halling i 50-åra vart stoppa då han gjorde forsøk på å lure seg unna. Mannen vart meld for å køyre utan gyldig førarkort. Han hadde heller ikkje orden på papira til bilen. Bilen vart avskilta der og då.