Skular og barnehagar i Ål er førebels freda
Skule- og barnehagestrukturen i Ål er førebels freda. Etter kommunestyremøtet sist veke er punktet ikkje lenger med på lista over spare- og omstillingstiltak i kommunen. Forslaget om å sjå nærare på sektoren fall mot Ap (8) og Sp (5) sine stemmer under budsjettdebatten.
– Om ein skal sjå på dette, bør det vere pedagogiske argument, ikkje økonomiske som ligg bak, sa Dagfinn Bøygard (Ap).