Skistar vil inn i Alpane
Den svensk-eigde alpingiganten Skistar vurderer å kjøpe austerrikske St. Johan i Tirol.
Skistar kan bli majoritetseigar i sitt første alpinanlegg i Austerrike. Selskapet har fått tilbod om å kjøpe 68 prosent av aksjane. Det er signert ein intensjonsavtale om at ingen av dei tre største aksjeeigarane vil ta del i emisjonen. Dermed ligg mykje til rette for svenskane.
St. Johann ligg i Tirol, tolv mil frå München, ni mil frå Innsbruck og som næraste nabo til Kitzbühel. Talet på skidagar er 300.000 i året, til samanlikning vel halvparten av det Hemsedal kan vise til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er generalforsamlinga i Skistar AB som laurdag 12. desember skal avgjere om dei skal handle eller ikkje.