Rune Ilhe.
Rune Ilhe.

Høgre-nei til eigedomsskatt

Nes Høgre vil stemme imot å innføre eigedomsskatt i heile kommunen.

Det avgjorde årsmøtet i partiet tysdag kveld,

– Det var full semje om det. Eigedomsskatt vil fort kunne bli ei sovepute for kommunen, seier leiar i Nes Høgre, Rune Ihle.

Artikkelen held fram under annonsen.

Millionar i inntekt

Saka kjem opp i kommunestyret før jul.

I forslaget til 2016-budsjett har rådmann Torbjørn Hansen foreslått å bruke ein million kroner til å førebu innføring av eigedomsskatt frå 2017. Han har også foreslått ein modell som vil gi kommunen nærmare 14 ekstra millionar i året. I Hallingdølen tysdag uttalte ordførar Tore Haraldset frå Bygdelista at saka dreier seg om eigedomsskatt eller kutt.

Langsiktig vekst

– Korleis skal Høgre dekke inn millionane kommunen tapar i eigedomsskatt?

– Me skal finne midlar, og me har idear om dette. Men det er ikkje snakk om å kutte i lovpålagde tenester eller i stillingar, seier Rune Ihle.

– I staden må det setjast i gang driftsforbedrande tiltak, og det må satsast på ein langsiktig vekst.

Nytt oppgjer

Ihle seier at partiet har fått reaksjonar på forslaget om å innføre eigedomsskatt for heile kommunen. Både enkeltpersonar og næringslivet seier nei til eigedomsskatten, ifølgje Rune Ihle.

Dermed blir det eit nytt oppgjer i Nes kommunestyre om eigedomsskatt. For fjerde gong.