Open dag på Hovet skole
Ressursgruppa for etterbruk av Hovet skole arbeider vidare for å skape aktivitet i det gamle skulebygget etter nedlegginga i juni.
Engasjementet er stort blant høværingane for å halde opp lokala som ein møteplass for sosiale aktivitetar i bygda. Og sjølv om skulen er nedlagt er det framleis mykje aktivitet i bygget. Laurdag viser dei fram tilboda dei har når det er open dag på skulen. Der stiller også ordførar Petter Rukke (Ap).