Nesbyen stasjon aktuell for godsberedskap
Brot på jernbanenettet skal ikkje hindre godstrafikken.
Det meiner regjeringa som vil bruke 45 millionar kroner for å utvikle beredskapsterminalar som omlastingsstad, samt andre beredskapstiltak ved lange brot på delar av jernbanenettet. Det kan dreie seg om uønskte hendingar eller planlagt vedlikehald.
Statsbudsjettet peikar ut fem stasjonsområde som kan bli utvikla til slike beredskapsterminalar. Langs Bergensbanen er Nes ein av dei. Planlegging og analyse av desse er i gang. Tiltaka er planlagt å vere ferdig i 2016 og 2017.