Pål Bjerke er overingeniør hjå Statens vegvesen. Han var med laga rapporten den gongen ei trekkvogn mista tilhengaren ved Spildra i Gol. (Arkivfoto)
Pål Bjerke er overingeniør hjå Statens vegvesen. Han var med laga rapporten den gongen ei trekkvogn mista tilhengaren ved Spildra i Gol. (Arkivfoto)

Det finst fleire løysingar

Det er eit titals forskjellige svingskiver i bruk her i landet. Av desse er fire-fem typar mest utbreidd.

Det fortel overingeniør Pål Bjerke i Staten vegvesen på Hønefoss.

Han opplyser at alle skivene har europeisk godkjenning. Dei er i utgangspunktet like. Det som varierer noko er utforminga av mekanismen som løyser ut forbindelsen når tilhengaren skal koplast frå trekkvogna.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Tilkopling skjer ved at sjåføren ryggar inn mot hengaren. Ein merkar tydeleg når skiva går i lås og skaper forbindelsen mellom bil og hengar. Det høyrer med til jobben å gå ut av bilen og sjekke fysisk at forbindelsen er sikra, fortel Pål Bjerke.

– Er alle desse skivene gode nok? Granskinga av uhellet ved Eikredammen konkluderer jo med at det er mogleg at noko kan bli feil med iallfall ein av desse skive-typane?

– Det er eit på tide spørsmål. Tidlegare var det ei annan type sikring. Det vart nytta ein karabinkrok. I blant har eg ynskt at denne skulle komme i bruk att, seier Pål Bjerke.