Holde vedgår Høgre-kollaps
Hemsedal Høgre må tilbake til 1975 for å finne eit like svakt resultat som årets kommunevalresultat. Holde vedgår Høgre-kollaps.
Odd Holde er «shaken, nok stirred». Partitoppen hadde rekna med dei mange listene ville koste Høgre eit mandat, og i verste fall to.
– Som eit worst-case-scenario såg me for oss høgrebenken med tre mandat, men no er me berre to, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ove Fekene, partiets tredjekandidat, har tidlegare varsla Høgre at han kan fristille seg frå partiet, slik Hallingdølen omtala torsdag.
– Me reknar høgrebenken som to. Etter hans utspel må det vere opp til han å melde si interesse, seier Holde.
– Kjem sterkt tilbake
Uavhengig av dette er det eit faktum at Høgre må heilt tilbake til 1975 for å finne eit like svakt valresultat som årets kommuneval. 18,3 prosent oppslutnad var resultatet både den gongen og i 2015.
– Blir det eit oppgjer etter dette?
– Det har eg ikkje tenkt på. For min del er det lenge sidan eg bestemte meg for at dette er min siste periode. Eg er motivert trass i eit svakt resultat. Det positive er at me har mange gode folk å bygge på framover. Høgre vil bli sterkt til neste val.
– For fire år sidan fekk Jan Egil Halbjørhus fleire stemmer enn deg og i år vart du passert av Marie Jartman. Tek du det innover deg?
– Dette kan ein lese på fleire måtar. Eg har fleire Høgre-stemmer enn Maria, mens ho har fleire slengarar. Det er gledeleg at ho fekk så mange stemmer, men eg gjorde eit personleg godt val på høgrelistene, seier Holde, som føler han har støtte frå sine eigne. Camilla Underland gjorde også eit godt personval i Høgre, og enda på fjerdeplass, men utan at det altså gav plass i kommunestyret.
Posisjon eller opposisjon
Ove Fekene vart ikkje invitert inn i samtalane om samarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Er det så rart, seier Holde og viser til utspel frå Fekene under valkampen og det han har sagt om fristilling etter valet.
– Utespelet i valkampen var jo eit sjokk for oss, seier Holde.
– Alt dette betyr jo at Høgre har gått på ein kollaps?
– Ja, og det er trist også fordi dei vel 200 som stemte på Høgre ikkje har fått betalt for stemma si. Eg vil kalle det uærleg spel, seier Holde.
Ove Fekene ser det ikkje slik. Han opplever at han også har brei støtte for utspela sine.
– Maktkampen i Hemsedal er me nøydde å sjå på. Eg angrar ingenting, og eg hadde trua på ei anna løysing enn dagens.
– Du stiller som fristilt?
– Tja. Eg er framleis medlem av Høgre, men elles veit eg ingenting, svarar Fekene.