Leiar i forhandlingsutvalet for Senterpartiet i Nore og Uvdal, Nils Peter Undebakke, ser ikkje bort ifrå at alle set seg rundt same bordet og fordeler posisjonane. (Arkivfoto)
Leiar i forhandlingsutvalet for Senterpartiet i Nore og Uvdal, Nils Peter Undebakke, ser ikkje bort ifrå at alle set seg rundt same bordet og fordeler posisjonane. (Arkivfoto)

Alle vil møte alle

Forhandlingane etter kommunevalet i Nore og Uvdal kan ende med at alle fem partia set seg rundt same bordet og fordeler verv og posisjonar.

Valresultatet viser at Senterpartiet aukar representasjonen frå sju til ti. Arbeiderpartiet går tilbake frå åtte til fem. Høgre held posisjonen med fire. Fremskrittspartiet beheld sine tre, og SV kjem tilbake med sitt eine mandat.

Ingen avtalar – ingen avvist

Forhandlingane om posisjonar og samarbeid er i startfasen. Førebels har ingen lovd seg bort, og ingen er avvist.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Senterpartiet som sit med beste forhandlingskorta etter brakvalet. Men også Sp treng støtte frå andre for at Eli Hovd Prestegården kan ta fatt på sin tredje periode som ordførar.

Dagen etter valet inviterte Senterpartiet Høgre til samtalar. Ein valteknisk allianse mellom Sp og H vil gi solid fleirtal.

Høgre hadde medlemsmøte onsdag kveld og takka ja til invitasjonen. Partiet valde avtroppande gruppeleiar i kommunestyret, Odmund Deinboll, til leiar i forhandlingsutvalet.

Høgre sin forhandlingsleiar i Nore og Uvdal, Odmund Deinboll, er i dialog med både Sp og Frp og vil samarbeide med alle. (Arkivfoto)
Høgre sin forhandlingsleiar i Nore og Uvdal, Odmund Deinboll, er i dialog med både Sp og Frp og vil samarbeide med alle. (Arkivfoto)

Vil prate med alle

– Me set pris på invitasjonen frå Senterpartiet og skal møtast måndag. Men me vil også prate med andre og er i dialog med Frp. Me har invitert Frp til samtalar for å vidareføre samarbeidet me hadde for fire år sidan, seier Deinboll.

– Ein allianse mellom Høgre, Frp og Ap vil gi fleirtal og setja Sp på gangen. Er det eit alternativ?

– Det vil eg ikkje spekulere i. I teorien er det eit alternativ. Men politikk er viktigare enn posisjonar.

– Breitt samarbeid

Senterpartiet har invitert Høgre til samtalar og fått ja. Høgre har invitert Frp og fått ja. Arbeiderpartiet har invitert Senterpartiet og fått ja. Ap og SV har alltid spelt på lag.

– Me har fått invitasjon frå Arbeiderpartiet og skal treffe dei fredag. Me er interessert i å prate med alle og vil gjerne ha eit breitt samarbeid, seier leiar i forhandlingsutvalet til Sp, Nils Peter Undebakke.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle er på leiting etter alliansepartnar. Kan det ende med at alle møtast og fordeler posisjonar i formannskap og utval?

– Det er greie forhold og tradisjon for at alle pratar med alle i Nore og Uvdal. Det kan bli aktuelt at alle fem partia set seg rundt same forhandlingsbordet.