Sykkeltjuvar har vore på ferde i Hemsedal Golf Alpin hyttefelt. No er naboar varsla.
Sykkeltjuvar har vore på ferde i Hemsedal Golf Alpin hyttefelt. No er naboar varsla.

Sykkeltjuvar på ferde

To syklar vart stolne i hyttefeltet Hemsedal Golf Alpin natt til sundag. Nokre meter unna sov eigarane.

Med soveromsglaset ope, sov Johannes Nes og kona. Dei ana fred og ingen fare. Dagen etter såg dei at syklane var borte.

– Det må ha gått lydlaust for seg. Det er ekkelt å tenke på, fortel Nes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han har aldri opplevd steling i hyttefeltet tidlegare.

Naboar han har vore i prat med observerte tre luskande menn i området seint på natta.

– Eg håpar no at folk passar på tinga sine, og at dei er på vakt, seier ein opprørd Nes, som syner hendinga er utriveleg.

Syklane hadde til saman ein verdi oppimot 14.000 kroner. Hendinga er politimeldt.