Avviklar «kollektivtrafikk i distrikta»
I år har Geilo fått 2,4 millionar kroner til kollektivsatsing gjennom den fylkeskommunale ordninga «Kollektivtrafikk i distrikta».
Ordninga har vore mogeleg å søkje om midlar frå, men det ligg ikkje an til at ho blir vidareført i statsbudsjettet.
Måndag hadde hovudutval for samferdselssektoren i Buskerud fylkeskommune ein gjennomgang av kollektivtrafikken så langt i år. Kollektivbruken i fylket har samla gått litt tilbake, minus 0,4 prosent samanlikna med same periode i fjor. Reisetala for Hallingdal er uendra på 142.000 reisande.