Vegval aust-vest

Hallingdølen hadde i leiaren tysdag 17. februar ei klar og tydleg tilråding kva Hallingdal skal velja som hovudveg mellom Oslo og Bergen.

Kven er mest nøytral?

Det blir synt til ein rapport frå konsulentfirmaet Rambøll for å underbygge dette. Saksar derfor ut frå forordet frå denne rapporten, så får lesarane finne ut kva for rapport som er mest nøytral og mest presis; Rambøll etter oppdrag frå IS Rv7, eller Vegdirektorat sin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg siterer forordet i Rambøllrapporten: «Rambøll har på oppdrag for IS Rv7 gjennomført en overordnet analyse av veglengder, reisetider og kostnader for ulike ambisjonsnivå for utvikling av riksvegruten Oslo – Bergen via Rv 7. Denneanalysen er oppsummert i en egen rapport. I denne rapporten er det gjennomført en sammenligning av veglengder, reisetider og kostnader for ulike vegruter mellom Oslo og Bergen (Rv 7 Hardangervidda, E16 Filefjell, Rv 52 Hemsedal og E134 Haukelifjell). Interesseselskapet Rv7 (IS Rv7) har som oppgave å arbeide for en miljøriktig og samfunnsmessig tjenlig utvikling av Rv7 i tråd med innbyggerne, kommunene og næringslivet sine prioriteringer. IS Rv7 blei stifta i 2001 og har alle kommunene (13 stk.) som ligger langs E16/Rv7 fra Bergen til Krødsherad som medlemmer. Hordaland fylkeskommune er medlem, i tillegg er NHO i Buskerud og Hordaland, Bergen Næringsråd og ca. 20 bedrifter medlemmer.»

Meir enn Oslo-Bergen

Rambøll og Hallingdølen legg vekt på reiseruta Oslo – Bergen.

Oppdraget som Vegdirektoratet har fått av departementet heiter «Utredning om forbindeleser mellom Østlandet og Vestlandet». Dette er ein vidare definisjon , og det gjer at heilt andre vurderingar må gjerast og vektleggjast enn reiseruta Oslo-Bergen. Det er det me skal ta stilling til no. Vestlandet er området frå Stavanger til Ålesund. Derfor er det tilrådd 2 hovudvegar som i sum dekker opp heile området.

Trass i at E 16 har vore den politiske prioriterte hovudvegen , og store investeringar er gjort gjennom Valdres og Filefjell, så er det på Rv 52 trafikken har auka. Frå 2002 – 2012 er det nesten ei dobling , og andelen tunge køyretøy er 30% av totaltrafikken. Dette syner at trafikkantane vel den vegen som i sum reisetid og kostnader er den beste for dei. Det er Rv52. Dette har utgreiinga frå Vegdirektoratet også slege fast.

Eit naturleg val

Naturleg standpunkt for Hallingdal bør derfor vera fylgjande: Me er glade for at ein av dei føreslegne hovudvegane for aust–vest sambandet går gjennom Hallingdal med aksen Rv7/Rv52.

Vidare må Hallingdal legge breisida til for å betre vinterregulariteten over Hardangervidda. Tiltak der må vegast opp mot ny arm på E 134 frå Odda til Bergen , og/eller avklarast gjennom KVU arbeidet som har starta opp.