Buspareklubb fekk dispensasjon
De eldres boligspareklubb i Nesbyen er eitt skritt nærmare ei realisering av leilegheitsbygget som er planlagt i Nesbyen sentrum.
Buspareklubben søkte Nes kommune om fritak for å utarbeide reguleringsplan. Kommuneplanutvalet har teke søknaden til følgje og gav i siste møte dispensasjon frå kravet om reguleringsplan. Buspareklubben planlegg å bygge tolv leilegheiter i eit treetasjes bygg i Lakkergata.