Nye sjansar i Europa
Tomas Markegård har fått sjansen i europacupen denne veka.
Alpint: Hemsedølen debuterte i europacupen med to utforrenn i Wengen sist veke.
Denne veka var han med på det unge, norske laget som køyrde to renn i Zauchensee i Austerrike. 19-åringen frå Hemsedal var av dei yngste på start i torsdagens renn.
Artikkelen held fram under annonsen.
Der møtte han rutinerte alpinistar med erfaring frå internasjonale renn på høgt nivå. Markegård vart nummer 67, og nest best av dei norske gutane. Han var 3,18 sekund bak austerrikaren Joachim Pucchner som vann.
Iver Bjerkestrand vart nummer 51, og best på det norske laget.
Klatra
Fredag køyrde 19-åringen, som har sin styrke i fartsdisiplinane, eit nytt utforrenn på same stad.
Då vart han nummer 71. Iver Bjerkestrand vart nummer 48 og Axel Patricksson vart nummer 65. I mål var Markegård 3,91 sekund bak vinnaren Markus Duerager frå Austerrike.
I gang
Maria Tviberg har også starta europacupsesongen.
Torsdag var ho ellevte beste jente på utfortreninga i St. Moritz. Fredag skulle ho køyrt sitt fyrste fartsrenn i europacupen på nesten eitt år, men rennet vart avlyst. Laurdag og sundag står super-G på programmet.