Veit ikkje brannårsak
Det er uvisst kvifor det tok fyr i eit bustadhus i Gol i vinter.
Huset vart totalskadd i brannen.
Det er gjort omfattande tekniske undersøkingar utan at etterforskarane har kome fram til ei årsak.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me har ingen klar konklusjon, seier politioverbetjent Brit Fyksen, som etterforskingsleiar i Hallingdal/Nore og Uvdal.
Ein politijurist ved Nordre Buskerud politidistrikt skal avgjere om ein skal gå vidare i etterforskinga. Men det er ingen mistenkte i saka, understrekar Brit Fyksen.