Markegård debuterte i Wengen
Torsdag køyrde Tomas Markegård (19) frå Hemsedal sitt fyrste Europacupen og vart nummer 67 i utfor i Wengen.
Alpint: Utforløypa i Wengen i Sveits var debutarena for Markegård som internasjonal alpinist.
Utfor i Wengen
Etter ein flott fjorårssesong og gode resultat før jul har den unge hemsedølen klatra på rankinga. Torsdag hadde han sitt fyrste møte med mange av dei beste alpinistane i Europa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tomas Markegård er med på det norske laget som køyrer to Europacuprenn i utfor i Wengen denne veka. Etter ein god treningsomgang onsdag køyrde han inn til 67. plass i rennet torsdag. Fredag er det nytt utforrenn..
Fartskøyrar
Tomas var ein av dei yngste i utforrennet i Wengen. Han har sin styrke i fartsdisiplinane. I super-G er han ranka som den fjerde beste i sin årsklasse i verda, og som den tiande beste 19-åringen i utfor.
I Wengen møtte han rutinerte alpinistar med mange års fartstid både frå Europacup og World Cup. Som junior og debutant måtte han finne seg i høgt startnummer og ei beskjeden plassering.
Markegård vart nummer 67 av 95 løparar og var 4,4 sekund bak tyskaren Josef Fertsl som vann. Best på det unge norske laget var Ola Buer Johansen på 30. plass.