Nytt elbildekk
Nokian Hakkapeliitta R2 er det mest energieffektive vinterdekket i verda.
Det piggfrie dekket er spesielt utvikla for BMW i3, og oppnår energiklasse «A» i dekkmerkeordninga til EU. Vinterdekket er spesielt utvikla for nordiske forhold, som set spesielle krav til gummiblanding og mønster. Seinare vil dekket også bli tilgjengeleg for superhybriden, BMW i8.