Christiansen nest best
Vetle Sjåstad Christiansen vart berre slått av ein landsmann i Obertilliach.
Skiskyting: Laurdag gjekk det siste rennet i IBU-cupen i 2016.
På sprinten stod seks norske løparar på start, to av dei frå Geilo. Det var knytt størst forventningar til kva Vetle Sjåstad Christiansen kunne klare, etter femteplass på normaldistansen fredag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Feilfritt
Geilingen har skote godt i IBU-cupen i år, og stod med 11 bom på 80 skot hittil i dei individuelle konkurransane.
To fulle hus på sprinten laurdag sende han oppover på listene, og til slutt var berre landslagsløpar Henrik L’abee Lund betre enn geilingen. I mål var Christiansen til slutt 13.9 sekund bak osloløparen, som også tok juleferie med feilfri skyting.
Tøft
Det norske laget var fornøgd med laginnsatsen på sprinten. Bak tetduoen sørga Vegard Bjørn Gjermundshaug (4), Fredrik Mack Rørvik (6) og Martin Femsteinvik (8) for at det var fem norske løparar blant dei åtte beste.
For Aleksander Fjeld Andersen vart det ein tøffare dag på jobben.
Med fire rundar og tre minutt bak vinnar, L’abee Lund, hadde han eit stykke opp til teten, på ein 69.-plass. Junioren kan likevel vere fornøgd. I sin fyrste sesong på juniorlandslaget har han fått sjansen til å gå alle dei tre fyrste IBU-cuphelgane.