Korkje Aleksander Fjeld Andersen eller Vetle Sjåstad Christiansen hadde dagen i Ridnaun. (Arkivfoto)
Korkje Aleksander Fjeld Andersen eller Vetle Sjåstad Christiansen hadde dagen i Ridnaun. (Arkivfoto)

Skaut seg vekk

Korkje Vetle Sjåstad Christiansen og Aleksander Fjeld Andersen hadde full klaff under IBU-cupen i Italia i helga.

På sprinten laurdag skaut Fjeld Andersen seg ut av tetkampen med fem bom tilsammen på dei to skytingane i Ridnaun. Han vart til slutt nummer 64, og gjekk ikkje jaktstarten dagen etter.

Christiansen hadde ingen god dag i sporet, og vart nummer 33 med to rundar. På jaktstarten sundag gjekk han seg opp ein plass og vart nummer 32, med seks rundar til saman hadde han ingen moglegheit til å klatre kraftig på listene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag vart det norsk siger, med Fredrik Mack Rørvik øvst på listene, sundag var det franske Aristide Begue som vann. Begge geilingane skal i aksjon også neste helg, då er det IBU-cup i Obertilliach i Austerrike.