HFK ute av NM
HFK-juniorane kjempa hardt på Hallingmo, men det enda til slutt med tap mot Lillestrøm i fjerde runde i NM.
Men HFK hadde juniorlaget til toppklubben frå Romerike i kne i 70 minutt.
Markus Thorberg, i sin siste kamp i HFK-drakta, gav heimelaget leiinga etter eit kvarter. Begge lag hadde store sjansar til å score utan å få ballen i mål. Og det såg lenge ut til at HFK skulle ro det heile i land. Men i løpet av tre minutt midtvegs i andre omgang snudde LSK kampen. Sjølv om HFK-juniorane kjempa hardt for utlikning dei siste minutta, heldt LSK unna.