Ål vidaregåande skole.
Ål vidaregåande skole.

Fristen for å ta imot skuleplass er i dag

Gløymer du å takke ja til tilbodet om skuleplass på vidaregåande skule, mistar du plassen.

Kvart år er det fleire elevar som ikkje svarar. Då går skuleplassen til dei som står på venteliste.

Etter hovudopptaket har kring 9000 får eit tilbod, dei aller fleste (82 prosent) har også fått førsteønsket sitt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ingen hjelp i å kome etter svarfristen. Å ikkje svare er det same som å takke nei. Andreopptaket blir klart 5. august, med svarfrist 13. august. Skulesemesteret startar fire dagar etterpå.