Skjerpar krava til merking
Kvifor blir det seld røykvarslarar som kan starte brann?
Det er Direktoratet for byggkvalitet (DBK) som har ansvar for å følgje opp sertifisering av røykvarslarar.
Hallingdølen har kontakta direktoratet for å få svar på kvifor det ikkje er eit krav at røykvarslaren er konstruert på ein slik måte at det hindrar at batteriet kan ta fyr. På grunn av ferieavvikling, var det ingen som kunne svare på våre spørsmål. Kommunikasjonsavdelinga viser til to artiklar på direktoratet sine nettsider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Her står det at varmgang kan skuldast at batteriet er sett inn feil.DBK har bedt 30 aktørar på marknaden, spesielt produsentar og importørar, om sikre at røykvarslarar blir merka betre for å hindre at batteria blir sett inn feil. Dei har også bedt Standard Norge om å skjerpe krava til merking.
Sjølve batteriet kan også vere årsak til varme- og røykutvikling. Forbrukarane bør be forhandlarane råd forkva batteri dei bør nytte, særleg ved bruk av litiumbatteri. Desse bør ha innebygd beskyttelse mot kortslutning.
For to år sidan fekk DBK gjennomført eintest av røykvarslarar. Testen viste at fem av 23 modellar hadde så alvorlege feil og manglar at dei vart tilbakekalla frå marknaden.