«Human» tvang
Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) og regjeringas kommunereform minner meir og meir om eit politisk mageplask, hevdar kritikarane. Målet var minst 100 færre kommunar. Utfallet ligg an til i underkant av 40. Vel og merke dersom regjeringa lyttar til lokalpolitikarane og ikkje nyttar tvang.
Dette går fram av ei fersk kartlegging gjort av NRK. Alle landets 428 kommunar er blitt pålagt å vurdere samanslåing, eller framleis aleinegang. Svarfristen gjekk eigentleg ut i går – 1. juli. Men Sanner har i eit ferskt brev til fylkesmennene forlenga fristen for «trege» kommunar til ut året.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tre års reformarbeid, titals millionar av kroner i utgreiingar og konsulentrapportar, tidkrevjande forhandlingar og pisk frå kommunalministeren – summen av dette har hatt liten effekt. NRKs gjennomgang syner at det vil bli 38 færre kommunar. I Hallingdal blir den ingen samanslåing. I Buskerud berre to – Røyken og Hurum kommune slår seg saman med Asker, medan Svelvik går i lag med Drammen. I fleire fylke ligg det ikkje an til ei einaste kommunesamanslåing.
Men – desse tala er basert på kommunane sine vedtak. Spørsmålet blir dermed – vil regjeringa rette seg etter lokale ynskje? Eller vil den tvinge gjennom kommunesamanslåing? I så fall kor hen, og på kva grunnlag?
Sjølv om Høgre-statsråd og kommunalminister Jan Tore Sanner har aldri så lyst, tvilar me på at han vil tvinge gjennom samanslåingar. Det vil iallfall sitje langt inne. Ikkje minst hjå regjeringskollega Fremskrittspartiet. Partiet har tidlegare slått fast at folkeavstemmingane skal bestemme det nye kommunekartet. Å køyre over folkeviljen vil utløyse bråk på grunnplanet. Dessutan er motstanden mot samanslåing sterk i Fremskrittspartiet.
Tidspunktet for regjeringas forslag til kommunestruktur talar også mot bruk av tvang. Kommuneproposisjonen skal leggast fram for Stortinget juni 2017, tre månader før stortingsvalet. Å foreslå tvangssamanslåingar av kommunar ved inngangen til ein valkamp, vil vere taktisk uklokt. Det vil iallfall vere ei gåvepakke til opposisjonspartia. Fyrst og fremst Senterpartiet som vil kunne stela protestveljarar frå Fremskrittspartiet. Eller for å sitere frå professor Frank Aarebrots analyse i Verdens Gang; – Frp har sinte velgere. Mange er på jakt etter et parti som kan være uttrykk for deres sinne. Her er Senterpartiet og Frp konkurrenter.
Men regjeringa kan bruke andre verkemiddel. Som til dømes å kutte i dei statlege overføringane til småkommunane. Trong kommuneøkonomi kan få fart på samanslåingane. Dette er også ei form for tvang. Men den er meir «human» – iallfall i regjeringspartias auge, men neppe hjå veljarane.