Mista førarkortet
Politiet fekk tysdag ettermiddag melding om ein dansk bil i stor fart på riksvegen.
Ein patrulje fanga opp bilen og målte farten til 121 kilometer i timen i 80-sone. Førarkortet vart beslaglagt.
Like før heldt politiet kontroll i Sentrumsvegen i Gol. Seks av 31 kontrollerte bilistar vart pålagt bilbeltegebyr.