Lite hjelp å få frå departementet
Kontroll av utleigepraksis for såkalla «næringsareal» i Hemsedal byr på utfordringar.
Kommunen har ikkje fått noko hjelp frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet med juridiske avklaringar. Dermed må hemsedølene gå opp «nytt land» når det gjeld tematikken. Det blir i neste omgang opp til hemsedølene å vurdere skjønn i kvar enkelt tilfelle. Det opnar for rettsprosessar der skjønnet vil bli prøvd rettsleg.
Kommunar som Gausdal og Vinje jobbar med tilsvarande problematikk. Dei kan bli strategiske partnarar i det vidare arbeidet med kontroll av omfanget av utleige i såkalla varme senger. Kommunestyret i Hemsedal ser på saka 28. juni.