Ordførar Tor Egil Buøen og varaordførar Kristin Gullingsrud har heile kommunestyret i ryggen i vedtaket om at Flå skal halde fram som eigen kommune.
Ordførar Tor Egil Buøen og varaordførar Kristin Gullingsrud har heile kommunestyret i ryggen i vedtaket om at Flå skal halde fram som eigen kommune.

Flå vil rå seg sjølv

Kommunestyret i Flå har fastslått og konkludert med at dei er best tent med å halde fram som eigen kommune.

Dei folkevalde i Flå sette torsdag sluttstrek for kommunereformprosessen med eit samrøystes og krystallklart vedtak.

Ingen reformbombe

Flåværingane har gjort det alle kommunar vart bedne om av kommunalminister Jan Tore Sanner og regjeringa. Innan fyrste juli måtte dei sende eit vedtak om kommunereforma til Fylkesmannen i Buskerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det small ingen reformbombe i kommunestyret i Flå torsdag. Reformvedtaket vart som venta etter at flåværingane i vinter trekte seg frå utgreiingsarbeid med nabokommunar i alle retningar. Derfor vart det heller ingen rådgivande folkerøysting i Flå.

Ufrivillig liten

I eit samrøystes vedtak blir det vist til at flåværingane ser seg best tent med å fortsetja som eigen kommune.

– Kommunestyret er glad for at også sentrale styresmakter har sett på geografien og definert Flå som ufrivillig liten med 29 kilometer for å oppnå 5000 innbyggjarar. Det er viktig at det bur folk i heile Hallingdal. Flå kommune vil arbeide vidare med eit utstrekt samarbeid med nabokommunane, og spesielt hallingdalskommunane, heiter det i vedtaket.

– Ser ikkje fordelane

Ordførar Tore Egil Buøen (Bygdelista) seier til Hallingdølen at det ikkje var nokon reformdiskusjon i kommunestyret. Den er unnagjort tidlegare med tverrpolitisk semje.

– Ulempene ved å slå seg saman med andre er så store at det ikkje er tema. Reforma er grundig greidd ut, og me har hatt møte med kommunar både oppover og nedover, seier Buøen.

– Kommentar til at politikarane i Gol framleis vil jobbe for Hallingdal kommune?

– Kor mykje tid og ressursar skal ein bruke på dette? Det har vore ein lang prosess der alle har sagt sitt. Me må få tydelegare fram fordelane ved å slå seg saman før me går vidare. Eg greier ikkje sjå dei.